Retningslinjer for fil- og dataformat
Data vert levert til DBH i form av tekstfiler (csv) eller Excel-filer (xls/xlsx). Første line i csv-filer skal vere ei dataline med rett mengd kolonnar, utan kolonneoverskrifter. Excel-filer skal alltid ha ei line med kolonneoverskrifter før første dataline. Overskriftene må stemme med tabelldokumentasjonen. Vidare vert følgjande krav stilte til csv-filer:
- Fila skal vere ei rein tekstfil koda med UTF-8
- Felt skal separerast med semikolon (;)
- Tekstfelt (dvs. der datatypen er CHAR eller VARCHAR) skal kvalifiserast med doble hermeteikn (")
- Doble hermeteikn inne i tekstfelt skal ikkje førekome
- Blanke felt vert oppgitt med NULL
- Lineskift vert oppgitt med \n eller \r\n
Krav til data
- Kolonnane i fila må kome i same rekkjefølgje som dei er skildra i tabelldokumentasjonen (fagskoler (DBH-HYU), universitet & høyskoler) for den gitte tabellen.
- Verdien i kvart felt må vere i samsvar med definisjonen i tabelldokumentasjonen.
- Tomme felt er som regel ikkje tillatne. Til dømes vil manglande verdiar for institusjonskode, avdelingskode, studieprogramkode eller emnekode føre til at fila ikkje kan lesast inn.
- Etter at fila er vorten lasta inn i databasen vert det som regel køyrt ein sekvens med automatiske valideringar som er vorte definert for den spesifikke tabellen. Når fila har passert alle valideringsreglane vil det vere mogleg å godkjenne og publisere dataa i DBH.
Døme
Dataa i utdraget under gjeld for tabellen Kvalifikasjonar.
"1130";"520000";"320000";2022;1;1;"B-FYS";"BACHELOR I FYSIKK";"REALFAG";"B3";"659929";"BACH30";180
"1130";"520000";"320000";2022;1;1;"B-GEO";"BACHELOR I GEOLOGI";"REALFAG";"B3";"659929";"BACH30";180
"1130";"530000";"330000";2022;1;1;"B-HIS";"BACHELOR I HISTORIE";"SAMVIT";"B3";"613424";"BACH30";180
"1130";"520000";"320000";2022;1;1;"M-MATE";"MASTER I MATEMATIKK";"REALFAG";"M2";"753109";"MAST20";120
"1130";"540000";"340000";2022;1;1;"M-MBL";"MASTER I MARIN BEDRIFTSLEDELSE";"ØA";"M2";"741123";"MAST20";120
"1130";"510000";"310000";2022;1;1;"M-PSY";"MASTER I PSYKOLOGI";"SAMVIT";"M2";"736104";"MAST20";120
(...)
Merk deg at både kodefelt av typen CHAR og skildringsfelt av typen VARCHAR vert kvalifisert med doble hermeteikn.